Tilbake til sida mi

Tredjeparts- verktøy/nettsider

Følgjande verktøy er ikkje laga av Netvibes-teamet, og vi kan difor ikkje love at dei verkar.
Dei er førte opp alfabetisk.

FriendFeed

FriendFeed er ei kjeldedelings-teneste. Du kan importere den offentlege tidlinja di for Netvibes til FriendFeed-tidslinja og dele dei til andre FriendFind-brukarar. Når du er logga inn på FriendFind, trykk på «Del noko»-knappen, trykk på «Importer dine ting»-lenkja, click på «Vis alle 35 tenestene» og vel «Netvibes». Når du vert spurt om det, skriv inn NetvibesID-en din og valider ved å trykkje på «Importer Netvibes»-knappen. Framtidige tillegg til den offentlege tidslinja di vert viste i FriendFeed.

http://friendfeed.com/

Snadder til Netvibes

"Snadder til Netvibes er ei samling av of 3 ruby-komponentar som har tilknyting til netvibes-verda." Denne sida inneheld mange avanserte verktøy, m.a. ein UWA-kompatibel småprogram-tenar, eit Gnome/GTK+ program, og ein fult dokumentert API som gjev tilgang til Netvibes-data via kode skriven i Ruby.

http://gnetvibes.rubyforge.org/

Inneheld og Netvibes Ajax-opplastar, ein enkel måte å laste opp filler ved hjelp av Ajax i staden for gjennom vanlege HTML-skjema - svært høveleg for UWA-småprogram.

http://gnetvibes.rubyforge.org/upload.html

Greasemonkey-skript

Greasemonkey er eit tillegg til Mozilla Firefox som lèt brukarar installere skript som gjer endringar på dei fleste HTML-baserte nettsider, samstundes som dei vert viste. Mange netvibes-relaterte skript er lista opp i katalogen på UserScripts.org. Merk likevel at Netvibes ikkje støttar nokon av dei, og at eldre skript kanskje ikkje fungerar med nyare versjonar av Netvibes, spesielt Ginger.

http://userscripts.org/scripts/search?q=netvibes

Oppdater Netvibes-bookmarklet

«… ein nyttig bookmarklet (bokmerke-applet) som oppdaterer Netvibes-småprogramma dine utan å laste heile sida på nytt.» Veldig nyttig om du ikkje vil avslutte småprogram som t.d. Meebo eller GTalk.

http://lifehacker.com/software/bookmarklet/refresh-netvibes...

VibeKit.app

VibeKit.app er eit open kjeldekode-program for Mac OS X, som berre viser Netvibes. Det er basert på WebKit og lèt deg ha Netvibes ope heile tida eit eit eige vindauge, medan nettlesaren då berre vert brukt til kortare surfeøkter.

http://chip.cuccio.us/projects/vibekit

Select your language